å vere sjuk heile helga var ikkje akkurat med i berekninga når eg skulle ha ei superkreativ helg med mykje kuh-jobbing. Men men eg har iallefall fått sett over alle dei gode nettressursane som Hege har lagt ut. Likte spesielt godt dei som låg om frå gammalt til nytt med videosnuttar. Fantastisk bra. Skal bruke dei med 10.klasse elevane når me no skal teste ut redesignprosjektet med dei også. Treng ein god igangsetjar som det – slik at dei kan få litt idear til eige arbeid. Tenker å avslutte det heile med ein klassefest med catwalk der alle får vist kleda sine og så skal me dokumentere arbeidet i form av digitale multimediapresentasjonar som det står så fint om i K06. Dette blir gøy. Ellers så har eg no fått sett ein del i bøkene eg lånte og fått teikna nokon skisser. Men eg må til å legge inn litt bilder også.

~ av silje1 den januar 31, 2010.

Ei tilbakemelding to “”

  1. Bra at du er frisk igjen, Silje 🙂
    Blir spennande å høyre korleis arbeidet med 10. klasse går, men ikkje minst kva du sjølv finn på 🙂

Kommenter innlegget